I dag for vi til Altus, der mora til Renee bor. Vi feira morsdag, som e i dag. Og fikk sjå den lille (verts) nevøen min som e 10 daga i dag. Da han vart født var vi i Oklahoma City fordi Season måtte ha en operasjon i skuldra. Den datt ut av ledd for to måna sia da ho stavsprang. Akkurat da legane lot oss fare fra sjukehuset ringte sønnen til Renee. Kona holdt på å fø, så vi kjørte gjennom byen til ett anna sjukehus, og en time seinere fikk vi sjå renee sitt lille barnebarn. En fin og frisk liten gutt.
Ellers er det tornadosesong her. Så det he vør masse storma og uvær i det siste. Eg he vør ganske redd for tornadoa mange gonga. men det verste vi hadde va en orkan, noken branna og torden storma. Torden stormane e kjempefine, heile himmelen lyse opp og det e lyn over alt.
Spring Break va kjempearti, Kansas og Dallas. Vi for i dyrehagen, på et cowboymuseum og på John f. Kennedy museumet. Museummet var stilig. eg fikk sett kor JFK vart skøten, og ver i byggninga å sjå ut vindauget han vart skøten frå.
Påske va ganske arti me, for med ei venninde og feira påske ute i ødemarka der familien hinna he et hus.
Prom va egentli ganske skuffande. Musikken var det verste, og after-partyet vart aldri noke av. Vi vart send på kino midt på natta. Men hypnotisøren var bra. det var hysterisk å sjå på. Heldigvis skal eg få fare på prom på en anna skule på fredag og håpe det blir bedre. Vi skal kjøre en hummer-limousine, og promet er i en låve.
Onsdag skal eg få lov til å ikkje ha uniform på skulen! det er et assemble, så seniorane får lov til å pynte seg:) Dessuten er det Robert Pattison (Edward i Twilight bøkene) sin bursdag. Det skal selfølgeelig feirast av meg, Season og Elizabeth. (verdens største fans) Eg har lest den tredje boka no! Har bere 2 igjen!
Det er bere 6 daga til mamma, pappa og Erlend kjem på nasjonaldagen. Tida har gått utruleg fort og eg gruar meg til å reise heim, sjølv om eg he lyst til å sjå alle heim igjen. (Skulle ønske eg kunne ver begge plassa på en gang). Disneyland i Florida og Detroit blir kjekt. Men eg gruar meg til å skal ver gla der når det er dei første dagane vekke fra Elk:(
Før eg legg meg i dag må eg lese lekse. Vi har ei prøvee i morga over innvollane i Haien. Vi disekrerte en hai forrige veke.
21 daga til eg er heime. 12 daga til graduation. og 13 daga til eg reiser fra Elk.
Sjåast i Norge, 5 over 6, 31. mai på Vigra =D
XOXO
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar