søndag 15. mars 2009

Mars, spring break, og ny familie.

Hei, det er uendelig lenge sia eg har skreve no. Men skal prøve å summere opp kva som har skjedd i det siste:
Først og fremst, skifta endleg familie. Av grunna som eg ikkje vil legge ut på internett. Det var veldig snildt av den gamle familien og la me flytte inn, men eg har takla nok drit fra den familien no.
Takk for hjelpa mamma og pappa:)
Eg flytta inn hos den nye familien for 2 veke sia, omtrent, overnatta iallefall med dei. Famiien består av Renee (mamma), Season (datter), Kem (stefar) og Kori (stebror). Dei bor i et fint hus i bittelille Canute. Her er 600 innbyggjerar, men eg går fortsatt på den same skulen heldigvis. Håpe att det skal bli bedre enn dei andre plassane å bo her. Men var ganske dritlei av heile Usa ei stund.
No har eg Spring break, fri i ei veke! Skal slappe av, henge med folk og fare på "roadtrip". vi jentene i huset skal kjøre til Kansas i morga, og kansje Colorado. Åsso skal vi til Texas en anna dag så eg kan få sett litt statar når eg er her.
I dag he vør en bra dag. Stod opp tidleg og for i kirka. I kirka fortalte dei historia fra konfirmasjonstalen tante Mai holdt for meg, om Glasset med steinane og sanden. Ellers va kirka ganske vill, folk som hoia og holdt henda opp i veret og sånt. Etterpå for vi i babyshoweren til, sønnen til Renee og kona hans. Dei fikk mange presangar, terminen e i mai, så eg får kansje sjå den lille "tanteungen" min før eg fer heim. Etter det tok "bestemor" meg med på shopping, å vi for å åt pizza. Da vi kom heim hjalp Kem meg med data'n og eg kan bruke en kabel for internettet iallefall. Så svelte eg og Kori litt helium, hadde artige stemme, og flira litt. Men no e det vel på tide å legge seg.

Forresten så var eg på Hawaii i ei veke i februar. Det var dritbra for å summere opp!

Gleda me til å komme heim. Ha en fin dag:D

Ingen kommentarer: