onsdag 26. november 2008

Då var eg dumpa heime aleine i dag, så eg har litt tid til å skrive igjen. Jalisa er med Alex og Sherrill er på jobb, so eg har ikkje stort å gjer. Sia e skreiv sist har det ikkje skjedd so mykje, alt har bynt å bli kvardag. I dag he vi fri fordi det er thanksgiving-break.Eg stod opp seint og tok en laang dusj. Vi mista varmevatnet på lørdag, so eg er veldig glad for å dusje heime i dag. I morga skal endelig vi til bestemor-Mimmi å ete ditta berømte thanksgiving-måltidet.
Fredag skal eg og Season på shopping i Oklahoma city:D Dagen etter thanksgiving, det er masse salg då og overfylte butikkar som opnar klokka 5 om morgonen. Season hadde også bursdag sist fredag, som vi for å feira. På lørdag er eg invitert i en "babyshower" til ei av dei gravide jentene på skulen. Forresten so he enda fleire jente blitt gravide. Tre venninde av me den siste veka.
Skulen går ellers greit. Coach Joy si kone lagde cookies til meg enda en gang. I yearbook fer vi rundt å bere tek bilde. So i går fekk eg utsatt ei prøve i femtetimen min, fordi der va en fotograf der, å e kunne sjå på. Åsso hadde eg kinamat til lunch:) Med ekte "fortune-cookies". Tydeligvis skal du ete heile kaka med papiret inni viss du e amerikansk.

He også joina chherleading. Det er veldig kjekt men eg har mykje å trene på. Fotballsesongen er over, so eg skal kun heie under basketballsesongen. Første kamp er neste tirsdag. Så på mandag er det tryouts for å sjå om eg er bra nok enda:/ tru nok eg må trene litt meir før eg skal ut på bana. Uansett skal eg sjå kampen:) Gleda meg til å sjå basketball.
Er forresten dritlei av uniformar! Vil bruke normale kle no. Å sleppe å konstant høre "tuck your shirt in". Blæææææh XD
Såg filmen Twilight på søndag. Utruli bra film, så eg er heilt gal etter vampyrar no. Boka skal visst ver enda bedre so eg skal sende den heim.

Eg ønska meg forresten bilde av folk heime til å henge i skapet mitt på skulen:D bli veldig glad om eg får det:D:D

Koz og klemz fra Cecilie from Norway<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar